Tredelt foreldrepermisjon:

Kan ta til å gjelde allereie frå i sommar

Regjeringa har lagt fram forslaget om tredeling av foreldrepengeordninga. Målet er at ordninga kan tre i kraft frå 1. juli.

Ei tredeling av stønadsperioden ved fullt uttak inneber at fedrar og mødrer har 15 veker kvar, og ein fellesperiode på 16 veker.  Foto: Illustrasjon/Unsplash.com.

Nyhende

(NPK-NTB): Barne- og familieminister Linda Hofstad Helleland (H) la fram forslaget tysdag.

I den føreslegne ordninga skal foreldrepengeperioden delast i tre like deler, der mor og far har kvar sin del, i tillegg til at ein del som foreldra kan fordela fritt.

– Vi vil sikra foreldra like moglegheiter for tid med barnet i det første leveåret, samtidig som vi tek omsyn til fridom og fleksibilitet for den enkelte familie. Det er bra for barnet og for likestillinga i heimen. Vi legg fram ei historisk likestilt foreldrepengeordning som er ei av dei beste i verda, seier barne- og likestillingsminister Linda Hofstad Helleland (H).

Målet om tredelt foreldrepermisjon blei uttrykt i regjeringsplattforma frå Høgre, Frp og Venstre i februar. Arbeidarpartiet var begeistra, mens KrF har vore skeptisk.

Linda Hofstad Helleland har på få år gått frå å villa skrota heile fedrekvoten til å bli statsråden som skal sørgja for at ein tredel av permisjonstida er avgrensa for far. I februar sa ho at ho klart hadde vore «for optimistisk på vegner av norske menn».

Ei tredeling av stønadsperioden ved fullt uttak inneber at fedrar og mødrer har 15 veker kvar, og ein fellesperiode på 16 veker.

– Fedrane får ein større del enn dei nokon gong har hatt, noko som er bra for barnet og bra for likestillinga i heimen, seier Helleland.