Skiftar dekk for eit godt formål

På foto frå venstre: Hans Ole Låbakk, Benjamin Aasen Akogyeram, Olai Kelly Hoddevik Kobbenes og Morten Lillenes.  Foto: Sørøyane Røde Kors Hjelpekorps

Nyhende

Også denne våren vil Sørøyane Røde Kors Hjelpekorps skaffe seg inntekter ved å ta på seg dekkskift. For eit par hundrelappar, eller meir dersom du ønskjer det, kan du få lagt om dekka, melder hjelpekorpset i ei pressemelding.

Sørøyane Røde Kors Hjelpekorps vil stå klar i lokala sine i Saunesmarka fredag ettermiddag og utover laurdagen, frå formiddagen av. Dersom det vert stor pågang vurderer dei å tilby dekkskift ein dag til, heiter det i pressemeldinga.

- Mykje av utstyret Hjelpekorpset nyttar i dag under søk- og leiteaksjonar, vart kjøpt inn for fleire år sidan. Noko av utstyret er også donert til Hjelpekorpset, etter at det har vore brukt av lokale firma. Det er difor på høg tid med nytt utstyr. Pengane som kjem inn frå omlegginga, vert øyremerka til dette og vil gjere oss meir effektive på oppdrag for Politiet og Hovudredningssentralen. Vi håper lokalbefolkninga støttar oss mot ein liten donasjon som vi kan nytte til naudsynte oppgraderingar, seier Olai Kelly Hoddevik Kobbenes, operativ leiar i Hjelpekorpset.