Løe totalskadd i brann på Gåsneset

Nyhende

Ei løe brann ned til grunnen på Gåsneset i Ulstein i 12-tida torsdag.

Politiet melde først at det var brann i ein garasje, men det var altså ei løe som brann.

Det var stor røykutvikling frå brannen.

Politiet melder kl 12.38 at naudetatane har kontroll på staden og at det ikkje er fare for at brannen skal spreie seg.