Coop Obs Bygg opna dørene:

Nyopninga trekte mykje folk

Varehuset har bytta namn frå Coop Extra Bygg til Coop Obs Bygg. Torsdag blei nyopninga feira med brask og bram. Sjå bildeserie!
Nyhende

Det var i oktober i fjor at Coop Vest BA melde at varehuset på Saunes skulle profilerast om frå Coop Extra Bygg til Coop Obs Bygg. Torsdag var dagen komen for nyopning, og mykje folk møtte fram for å sikre seg gode opningstilbod.

I samband med at butikken har fått ny profil, er det også oppretta ein fullsortimert nettbutikk for byggevarer.


Vikebladet Vestposten kjem med intervju og lengre sak i laurdagsutgåva.