Har du sett Manko?

Papegøyen Manko  Foto: Privat

Nyhende

Rikke Rasmussen er fortvila, etter at papegøyen Manko stakk av gjennom eit ope vindauge i Gamle Brandalsveg 51 på Hareid fredag formiddag.

- Eg gløymde at ho var ute av buret og opna dører og vindauge for å lufte litt. Då fann ho vel ut at det ver så fint vêr at ho skulle ta seg ein liten flygetur, seier Rasmussen til Vikebladet Vestposten.

Manko er ein tre år gamal Meyer-papegøye, som både plystrar og snakkar mykje.

- Eg har diverre ikkje kome så langt at eg har fått trent henne på å vere ute. Ho forsvann bak nokre hus og etter det var ho vekk, seier Rasmussen.

Ho har no etterlyst fuglen på Facebooksida for sakna dyr i Ulstein/Hareid.