Guttorm Hagen med samferdsel-innspel:

Kanal til Vanylven

Guttorm Hagen meiner Eiksundsambandet har vore særs viktig for utviklinga på Søre Sunnmøre. Det neste må vere betre samferdselsåre til Vanylven.

Vanylven: Guttorm Hagen meiner at god samferdsel er viktig for tenestene ein yter på Søre Sunnmøre. Eiksundsambandet har vore viktig for utviklinga av regionen vår. Det neste prosjektet no bør vere ein kanal til Vanylven.  Foto: Ingvild Aursøy Måseide

Nyhende

Under opninga av den felles ambulante seksjonen for psykisk helse og rus på Søre Sunnmøre, tok Guttorm Hagen ordet. I tillegg til å vere lensmann i Volda og Ørsta er han driftseiningsleiar for politiet på Søre Sunnmøre.

Han sa politiet har hatt god nytte av Eiksundsambandet. No patruljerer dei ute døgnet rundt, det hadde ikkje vore mogleg utan Eiksundsambandet. Tunnelen som bind Ørsta og Volda med Ytre Søre Sunnmøre gjer det langt enklare for dei å samarbeide.

Og hadde det ikkje vore for Eiksundsambandet så hadde det heller ikkje vore mogleg for dei sju kommunane å samarbeide med ambulerande psykiatrisk helsearbeid heller.

– Me skulle hatt ein liten kanal ned til Vanylven også, nytta han høvet til å seie då han såg der var ein del ordførarar i salen. Det ville gjort det langt enklare å kome seg til og frå Vanylven.

Viktig å hjelpe før det er for seint

– Her er utfordringar når det gjeld psykiatri, sa politimannen.

Han minna om at politiet er på jobb døgnet rundt, dei er interesserte i eit godt samarbeid med den ambulerande tenesta for psykiatri og rus. Dei blir gjerne med ut på oppdrag om dei treng å hjelpe med noko.

– Eg håpar me slepp å hjelpe dykk så mykje, sa Hagen og la til at han at av til bør politiet vere med. Her bør dei finne gode samarbeidsformer. Han meinte det er enklare å hjelpe dei diskré når ein har dei så nært.

Guttorm Hagen meiner at førebyggande arbeid er viktig. Det er flott at terskelen for å få psykisk hjelp er senka med å tilby heimebaserte tenester.

– Det er viktig at folk får hjelp før det er for seint, meinte Hagen.

Nye lokale i Herøy

Etter omorganiseringa av politiet har Politiet fellestenester utlyst at dei er på jakt etter nye lokale til lensmannskontor i Herøy. Lokala på Eggesbønes er for små.

Det nye lensmannskontoret skal vere for Herøy, Sande og Vanylven.

Det nye lokalet skal plasserast i tilknyting til hovudfartsårer og tettstader i Herøy. Men om det blir i Myrvåg er uvisst.