Brann på Sandsøya:

Løe brann ned

Ei stor løe brann ned på Sandsøya i ettermiddag.   Foto: Endre Vorren/Vestlandsnytt

Nyhende

Ei stor løe på Sandsøya i Sande kommune brann ned i ettermiddag, etter at ein grasbrann spreidde seg til bygninga. Naudetatane rykte ut til staden.

Politiet meldte fyrst om brannen via sin Twitter-konto klokka 16.03 fredag ettermiddag.

På grunn av naudetatane si utrykking til Sandsøya, blir det forseinkingar i ferjesambandet Larsnes-Åram-Voksa-Kvamsøya, opplyser Norled. Sambandet vil vere i normal drift igjen frå klokka 18.

Vestlandsnytt melder at ingen dyr eller personar kom til skade i brannen.