Vil arrangere det største datapartyet på Vestlandet

Seks aktørar ønskjer å skipe til dataparty i Førde. Målet er at tilskipinga etter kvart skal bli den største på Vestlandet.

Seks aktørar ønskjer å skipe til dataparty i Førde. Målet er at tilskipinga etter kvart skal bli den største av sitt slag på Vestlandet. Her er bakhovudet til ein spelar på datapartyet The Gathering på Hamar.   Foto: Ole Berg-Rusten/NTB Scanpix/NPK.

Nyhende

(NPK): – Å arrangere dette blir ein fantastisk måte å skape ein møteplass for IT-interessert ungdom. Planen er at det skal gå av stabelen ein gong i september/oktober, seier dagleg leiar i Sunnfjord Utvikling AS Rolf Sanne-Gundersen til avisa Firda.

I første omgang reknar ein med at om lag 300 ungdommar vil komme til arrangementet. Dei største tilskipingane av denne typen på Vestlandet har omkring 800 til 1000 deltakarar.

– Ein må jo ha ambisjonar, og ambisjonen er at dette med tida skal bli Vestlandets største treff av denne typen, seier marknadsansvarleg og forretningsutviklar i Enivest, Christiane Ulriksen til avisa.

Seks aktørar er med å arrangere datapartyet. Sunnfjord Utvikling AS, Høgskulen på Vestlandet og Enivest er arrangørar. IT-Forum og Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane har løyvd pengar til arrangementet, og Sunnfjord Skaparhus ved Øyvind Hellenes er med i planlegginga.