Hareid og Ulstein Brannvesen:

– Alle pliktar å vise aktsemd

I slutten av mars kom ein bråtebrann ut av kontroll på Sandsøya. Fredag ettermiddag kom ein bråtebrann på ny ut av kontroll på Sandsøya. Det førte til at ei løe brann ned til grunnen.   Foto: Kim Benjamin Ulstein

Nyhende

William Bernt Ekeli, varabrannsjef i Hareid og Ulstein Brannvesen, minner om at det i periodar med tørt vêr er generelt fare for gras-, lyng- og skogbrannar. Våren er ”høgsesong” i så måte, og på Hareidlandet er det diverre årlege utmarksbrannar. Desse kan få store negative følgjer både for folk, dyr, bygningar, skog og anna.

Mange av utmarksbrannane oppstår på våren og tidleg på sommaren. Berre etter ein kort tørkeperiode blir det fare for skogbrann. Gammalt lauv og planter, graset frå i fjor, småkvist og lyng tørkar fort opp, og er lett å antenne i periodar med lite nedbør. Brannvesenet vil minne om at det tidligare i år har vore gras- og lyngbrannar på Hareidlandet.

Alle pliktar å vise aktsemd ved gjennomføring av aktivitet som kan føre til brann.

Forbod frå i morgon

Det er forbod mot å gjere opp eld eller behandle brannfarlege gjenstander utandørs under slike forhold eller på ein slik måte at det kan føre til brann. Du må ikkje forlate oppgjort eld før han er fullstendig sløkt.

I perioden frå 15. april til 15. september er det forbod mot å gjere opp eld i eller i nærleiken av skog og anna utmark. Det er viktig at folk følgjer dette påbodet. Elden kan spreie seg raskt, og kombinasjon av vind og topografi med tørre vekstar kan medføre at situasjonen kjem heilt ut av kontroll.

Brannsjefen kan etter søknad gjeve løyve til bålbrenning ved spesielle tilhøve. Søppelbål og bål med ureine materialar er uansett ulovleg. Kommunane kan ikkje gjeve dispensasjon frå dette kravet. 

Dersom brannfaren er spesielt stor utover tidsrommet nemnt over, kan kommunen innføre forbod mot å gjere opp eld eller behandle brannfarlege gjenstander utandørs i bestemte område. Forbodet kan vedtakast som forskrift utan forhandsvarsling og kunngjøring etter forvaltningsloven § 37 andre ledd og § 38 første ledd bokstav c). Kommunen skal syte for å gjøre forbodet alminnelig kjent på stader det gjeldar.

Forbod om brenning i tettbygd strøk i Ulstein og Hareid kommune

Forbodet er skildra i “Lokal forskrift om open brenning og brenning av avfall i småomnar”, som er vedteke i Ulstein kommunestyre 16.06.2016 (siste reviderte utgåve) og Hareid kommunestyre 31.05.2012.

I forskrifta til Ulstein kommune er det definerte forbodsoner. Desse sonene kan kvar enkelt finne på heimesida til Ulstein kommune. Bruk søkjarfeltet og skriv inn «forbodsone». Då får dykk tre val: «Forbodsone Eiksund», «Forbodsone Ulstein – Garsholhaugen» og «Forbodsone Haddal». Med tettbygd strøk i Hareid kommune meinast areala: Hareid sentrum(indre,ytre), Geilane byggefelt, Bigset byggefelt, Brandal og frå Overå  til Hjørungavåg.

Dersom nokon likevel ønskjer å brenne i forbodsonene kan ein søknad verte sendt til brannsjefen. Søknadsskjema kan de finne på heimesida til Ulstein og Hareid kommune. Ulstein og Hareid brannvesen har allereie observert ulovlige bål denne vinteren og våren, og har teke kontakt med fleire av dei bålansvarlege.

Eit anna moment ved bålbrenning er at mange får sterkt helserelaterte plager av røyken. Brannverna oppmodar difor folk til å vise omsyn og ikkje brenne hageavfall, men køyre dette til hageavfallsplassen i Saunesmarka.

Meir informasjon om bålbrenning kan de finne på: http://www.sikkerhverdag.no/brann/forebygge-brann/dette-ma-du-vite-for-du-tenner-bal/.

Dette kan du gjere om du kjem først til ein skogbrann:

1. Varsle brannvesenet på naudnummer 110 om brannen. Fortel kven du er, gi beskjed om korleis du kan verte kontakta. Tydelig stadskildring er viktig å gi, og møt gjerne brannvesenet for å vise veg fram til brannstaden

2. Start sløkkingsarbeidet med tilgjengelege ressursar. Brekk eller hogg eit lite lauvtre på cirka to meter og fjern kvistar nedanfrå til du sit igjen med ein dusk i toppen. Dette er eit særskilt effektivt reiskap om den nyttast som ein feiekost på brennande organisk materiale. Børst/fei flammane tilbake i brannområdet. Ikkje slå, det har dårligare effekt og kan til og med gjere vondt verre. Hagekanner og bøtter kan gjere god nytte om vatn er tilgjengeleg. Du kan også bruke sand eller teppe for å forsøke å kvele flammane

3. Bevar fatninga og fordel tilgjengelege ressursar på kvar side av flankane på elden. Treng elden ned som mot botn av en trekant til den er sløkt

4. Sørg for tilstrekkelig etterslokking og vakthald. Ved skogbrann kan det brenne i jordsmonn, trestubbar, maurtuer, og anna, Ved litt vind vil elden raskt flamme opp igjen. Ver difor særleg oppmerksam om det er meldt om vind eller vindauke.

5. Skogbrannslokking er farleg arbeid. Vis største varsemd og kom deg ut av området før flammane omringer deg. Ta ikkje sjansar!

(henta frå www.dsb.no)