4,3 millionar i minus i februar

Nyhende

Førstkomande måndag (16. april) har Hareid formannskap møte. Der får dei mellom anna lagt fram månadsrapporten for februar.

Rekneskapsrapporten for februar viser eit forventa meirforbruk på 4,3 millionar kroner. Grunnen er at Hareid kommune får inn mindre inntekter enn dei har budsjettert med.

Skatteinngangen var 9,9 millionar lågare enn budsjettert. Samtidig fekk dei inn 6,7 millionar meir i inntektsutjamning. Netto avvik blir 3,2 millionar. Dette er basert på KS sin prognosemodell for kommunane, står det i sakspapira til formannskapet.

Medan rådmannen hadde budsjettert med ein inntektssvikt på 1,7 millionar kroner, endra kommunestyret budsjettet så inntektene vart oppjustert 1,5 millionar kroner, noko som fører til eit større avvik no.

I tillegg er det rekna feil på eigedomsskatt, så der får kommunen inn 400 000 mindre enn budsjettert.

Brukt meir

Ikkje berre har kommunen fått inn færre kroner enn budsjettert. Det er også brukt meir enn budsjettert. Sektor for velferd har brukt 2,1 millionar meir, men melder at dei vil gå i balanse ved årsslutt.

Sektor for læring og kultur har også eit overforbruk. Noko skuldast ei teknisk feilbudsjettering. Det er sett inn tiltak for å kome i balanse.

Sektor for samfunnsutvikling rapporterer om eit avvik på 600 000 kroner som følgje av budsjetterte inntekter på fotballhall for 2018. Dette tiltaket kom inn under kommunestyret sitt budsjettvedtak 19. desember 2017.

Vil drøfte saka med formannskapet

Administrasjonen arbeider med tiltak for å sikre budsjettbalanse til budsjettrevisjonen i juni. I budsjettvedtaket frå desember vart det lagt inn planlagde innsparingstiltak på både sentraladministrasjonen, sektor for velferd og samfunnsutvikling. I sektor for læring og kultur arbeider dei med å hente inn meirforbruker på lø og ein budsjetteringsfeil.

– Det vert dermed utfordrande å hente inn ytterlegare innsparing utan at det går utover drifta på tenestene, skriv rådmannen.

Saka blir lagt fram for politikarane for orientering og drøfting.