Førstkomande måndag skal Hareid formannskap handsame søknaden frå Norconsult, på vegner av Fjord 1, om å dispensasjon frå reguleringsplanen. På grunn av elektrifisering av ferjedrifta må dei gjere nokre naudsynte ombyggingar av ferjekaia. Det skal kome eit tolv meter høgt ladetårn, fortøyingsautomat, batteribygg og autopass-installasjon.

Sterke protestar

Særleg dei tekniske bygga/batteribygga har vekt sterke reaksjonar. Statens vegvesen har meldt frå om at dei ikkje har sansen for at det skal byggjast to lange bygg i betong, på 16 og 25 meter, mellom biloppstillingsplassen til ferja og strandpromenaden med sitjegruppe. Dei meiner ein heller bør finne løysingar som ikkje lukkar Hareid sentrum mot fjorden og som held oppe kvaliteten på arealet langs ferjekaia.

Hafest meiner at dette er det siste Hareid treng. Dei meiner bygga vil øydeleggje det opparbeidde grøntområdet og det er synd å ta utsikta frå fjorden.

Førre veke gjekk ordførar Anders Riise ut i lokalavisa og uttalte seg kritisk til planane. Han syntest ikkje utbyggjar hadde tatt til seg signala frå møtet som vart halde mellom partane på møtet 13. mars.

Større fordelar enn ulemper

Men rådmannen i Hareid rår altså formannskapet til å godkjenne dispensasjonssøknaden. Grunngjevinga er at føremålet i reguleringsplanen er offentleg trafikkområde.

– Det omsøkte tiltaket med ladetårn, fortøyingsautomat, autopass og byggtekniske installasjonar blir vurdert å vere ein gjeldande del av infrastrukturen knytt til ferjesambandet Hareid-Sulesund, med riksveg 61, og vil soleis ikkje vesentleg tilsidesette omsyna bak reguleringsplanen då ein vareteke formålet med plan, står det i sakspapira til formannskapet.

Å leggje til rette for batteriferjer blir vurdert til å vere eit godt miljøtiltak. Elektrifisering av ferjedrifta vil ha ein positiv verknad for miljø og den berekraftige utviklinga, står det vidare. Ulempene kan avhjelpast noko gjennom val av materiale, slik at det estetiske kan varetakast noko trass i tiltaket si plassering. Gjerne med skifertak og mørkt trevirke, eller andre høvelege tiltak for å gli mest mogleg inn i omgjevnadene.

Har vurdert andre løysingar

Norconsult har i rapporten sin som dei har sendt Hareid kommune gjort greie for at dei har vurdert andre plasseringar og løysingar. Dei har vurdert å leggje batteribygget bak ekspedisjonsbygget til hurtigbåten, men dette området er regulert til anna formål og på ei sentral tomt i sentrum som ikkje er fylkeskommunal.

Ei nedgrave eller delvis nedgrave løysing er vanskeleg å utføre jamfør lovverket, då det er spesifikke strenge krav å halde seg til. Ei delvis nedgrave løysing vil framleis gjere at bygget er synleg over bakken.

Det er vanskeleg å plassere eit teknisk bygg på ei flytande innretning. Mørenett kan ikkje ha trafoen sin på ei slik flytande innretning.

Kan vurdere det annleis

Samstundes peiker Rådmannen på at formannskapet har høve til å nytte forvaltningsskjønn. Dei kan vurdere om det å gje dispensasjon for eit slikt tiltak er noko som ein ønskjer for innbyggjarane i Hareid kommune. Formannskapet gjer vedtak måndag 16. april.