Digitale nynorske læremiddel:

Sanner vil ordne opp

Kunnskapsminister Jan Tore Sanner slo fast at retten til nynorske læremiddel gjeld både analoge og digitale læremiddel.   Foto: Noregs Mållag

Nyhende

– Det er ikkje greitt at ein ikkje fylgjer lova. Ho er heilt tydeleg og gjeld både digitale og analoge læremiddel. Dette skal me få til, sa Jan Tore Sanner, kunnskaps- og integreringsminister, til landsmøtet i Noregs Mållag.

Noregs Mållag er samla til landsmøte i Vinje denne helga. Den viktigaste saka på landsmøtet i år er mangelen på digitale læremiddel på nynorsk. Sanner var der ikkje som landsmøteutsending, men som talar fredagskvelden. Der brukte han delar av taletida si til å snakke om dette temaet. Han såg at organisasjonen er uroa for utviklinga. Han samanlikna situasjonen med då han sjølv gjekk på skulen og lærebøkene på nynorsk kom seinare enn dei på bokmål.

Han sa at dei må sjå kva dei kan gjere for å få fleire læremiddel og fleire læringsressursar på nynorsk og bokmål.

Sanner slo også fast at to jamstilte målformer er ein styrke for det norske samfunnet.