Statsborgarseremoni i Ulsteinvik

Nyhende

Laurdag var det statsborgarseremoni på Sjøborg kulturhus i Ulsteinvik. Det er andre gongen at Fylkesmannen arrangerer slik seremoni i Ulsteinvik. Tidlegare har det vore ein stor felles seremoni for heile fylket, men ved å dele det opp erfarte dei at fleire melde seg på når dei slapp å fare så langt.

Seremonien på Sjøborg var for alle dei 17 Sunnmørskommunane. I Ulsteinvik møtte det 125 nye statsborgarar som hadde takka ja til å delta på seremonien. Dette var rekordstor deltaking. Dei nye statsborgarane hadde også med seg godt med gjester, så det var fullt hus på hotellet laurdagen.

Under seremonien heldt fylkesmann Lodve Solholm tale for dei nye statsborgarane. Gjestetalar var Lidia Kozginova som kom til Vigra frå St. Petersburg for 18 år sidan.

Ingfrid og Iver-Olaf Grimstad song "Sommerfuggel i vinterland" av Halvdan Sivertsen. Det var framlegging av truskapsløftet, vifting med norske flagg og utdeling av gåvebok og rose til alle dei nye statsborgarane. Det heile vart avslutta med at alle reiste seg og song "Ja vi elsker".