Talentstipend til Brandal og Furseth

Olav Egge Brandal frå Hareid og Jostein Furseth frå Ulstein fekk tildelt stipend frå banken.   Foto: Pile Kalland Foto

Nyhende

Sunnmørsposten melder at Olav Egge Brandal frå Hareid og Jostein Furseth frå Ulstein fekk tildelt talentstipend på 20 000 kroner frå Sparebank 1. Utdelinga skjedde på eit arrangement i Trondheim laurdag.

Olav Egge Brandal (24) har brei erfaring som akkompagnatør og kammermusikar, og underviser også i piano.

Jostein Furseth (28) vart oppfinnar i tidleg alder. Han starta selskapet Sevendof etter å ha studert ved NTNU i Trondheim.