Kampen gjekk i varm vårsol. 205 tilskodarar på ein andrelagskamp er ikkje daglegvare, men «Heimebane»-effekten rakk berre i ein omgang.

For Hødd2 var lenge fullt på høgde med opprykksfavoritten. I 1. omgang utvikla spissduoen Badr/Naglestad ein febersjanse alt før det hadde gått eit minutt av kampen, men Naglestad mislykkast åleine med Oppsal-keeperen.

Men så sa det pang. Bam slo eit flott gjennomspel der Badr var kvikt frampå og sette ballen i mål. 1-0. Men Oppsal brukte berre tre minutt på å utlikne, forøvrig medan Isak Skotheim låg nede med skade.

I det 18. minutt skaut Eirik Franke Saunes i tverrliggaren på ein langdistanselobb - og Badr var like ved å skore på returen. I staden gjekk gjestane opp i 2-1 ved Bjørseth - og som ved det første målet vart det brått vidope framfor Hødd-kassa.

Men på eit tidspunkt då Oppsal såg ut til å ta over kampen vart Badr tomålsskorar då han utnytta ein keepertabbe hos Oppsal og sette ballen i mål nesten frå død vinkel.

Det kunne fort ha blitt 3-2 til Hødd2 då William Fjørtoft fyrte av ein kanon frå langt hald. Ballen slo i tverrliggaren, men heimelaget greidde ikkje å utnytte eit par sjansar som oppstod i returromet.

1. omgang hadde vore jamn. Heimelaget var best i midtpartiet, Hødd2 kom sterkt det siste kvarteret.

Etter pause gjekk Naglestad ut, og det gjekk berre to minutt før eit unødvendig balltap i Hødd-forsvaret resulterte i at Lasse Brandsdal (som skora 25 mål for Ørn i fjor) sette inn 3-2 på ei heading. Same mann var like ved å auke til 4-2.

Hødd2 hadde ein kjempesjanse til å kome seg inn att i kampen då Peter Hasund skaut utanfor frå kort hald. Ballen traff skeivt på vrista og gjekk til sides for høgre stang.

Om 2. omgang elles er det å seie at Hødd2 slitna på midten og hadde vanskar med å spele seg til truvertdige målsjansar. Oppsal auka til slutt til 4-2 ved Bjørseth, som altså tilliks med Badr vart tomålsskorar.

Dagens Hødd-spelar var alt i alt tomålsskorar Badr Rahhaoui, som leverte ein fin 1.-omgang. Drivande spel også av venstreback Johannes Sundgot, men det dreg ned at han av og til drøyar for lenge med å setje medspelarane i sving. Bam sin første halvdel av 1. omgang var det sus over - og midtstoppar Elias Flø kom alt i alt best frå det av dei øvrige.

Oppsal-trenaren la etter kampen ikkje skjul på at dei har ambisjonar om å vinne tilbake den 2.-divisjonsplassen dei gav frå seg i 2016. I fjor stod Moss i vegen for opprykk. Laget hadde fin struktur og fart særleg i det offensive spelet sitt.

KAMPFAKTA:

3.-divisjon, Nye Høddvoll:

Hødd2-Oppsal 2-4 (2-2)

Mål, Hødd2: Badr (13 og 22). Mål, Oppsal: Bjørseth (19, 80), Loulanti (16), Brandsdal (47).

205 tilskodarar

HØDD2: Jonas Mathiesen, Sveinung Tilseth Sæterås, William Fjørtoft, Elias Flø, Johannes Sundgot, Bam, Peter Hasund, Isak Gabriel Skotheim, Eirik Franke Saunes, Badr Rahhaoui, Markus Naglestad. Innbytte: Gustav Dimmen i 45 min. for Naglestad - Peter Haddal Woorrne i 34 min. for Saunes - Daniel Skaare Haanes i 28 min. for Hasund - Thomas Malins i 13 min. for Bam.

Gult kort, Hødd2: Fjørtoft og Saunes - Oppsal: Rosendal og Paulsberg.