Utstilling med John Olav Riise på Ulstein bibliotek

– Banebrytande innan norsk fotokunst

– John Olav Riise var banebrytande innan fotokunst og er i dag ein kunstnar som stadig fleire får auga opp for, fortel Gunnar Krogh-Hansen hos Blomqvist kunsthandel.

Etterarbeid: John Riise tok motiva sine vidare gjennom dobbelteksponeringar og retusjering. Dette verket heiter «Fru Magne Flem» og er frå 1957.  Foto: Blomqvist Kunsthandel

Nyhende

Komande fredag, 20. april, opnar ei utstilling med hareidskunstnaren og fotosurrealisten John Olav Riise (1885 – 1978) på Ulstein bibliotek. Utstillinga er open til søndag 22. april

Ved hjelp av dobbelteksponeringar og retusjering freista han å skape eit draumeaktig uttrykk, inspirert av surrealismen, ei kunstretning som vaks fram i Europa i mellomkrigstida.

– Vi presenterer eit utval bilete som er i privat eige, men dei aller fleste bileta vil vere til sals, seier Gunnar Krogh-Hansen.

Bileta er henta frå ei utstilling som Blomqvist kunsthandel hadde i januar.

– Dersom nokon lokalt har bilete av John Riise som dei har lyst til å vise fram, så opnar vi også for dette. Det er berre å ta kontakt med meg, seier Krogh-Hansen.

John Riise fekk aldri den anerkjenninga han kanskje hadde krav på i si levetid, men no får stadig fleire auga opp for fotokunstnaren frå Hareid.

– Eg vil hevde at John Riise er ein kunstnar som framleis har stort potensial. Hos dei verkelege feinschmeckerane står Riise sine arbeid høgt i kurs og vi opplever no at interessa for fotokunst er aukande også hos eit breiare lag av kunstsamlarane. Likevel ligg prisane på arbeida hans førebels på eit relativt rimeleg nivå, meiner han.

– Høg kvalitet

Gunnar Krogh-Hansen fortel at Riise hadde ein ganske stor produksjon og at høg kvalitet kjenneteiknar bileta hans.

– Impulsane til dei surrealistiske arbeida sine fekk han i samband med utstillingane han heldt i utlandet og då særleg i Paris i mellomkrigstida. Det er vel helst mange av landskapsbileta hans som knyter han til heimstaden.

John Riise budde mange år på Austlandet før han flytta heim til Hareid i 1933. I 1963 flytta han til Syvde der han etablerte fotoatelier. Atelieret med alt som finst av negativ og fotoutstyr vert øydelagd under ein brann i 1968.

John Riise si tid som fotograf var over, men han heldt framsom kunstmålar og i 1970, 85 år gamal, debuterte han som utstillar på Høstutstillingen.