I vinter skreiv Vikebladet Vestposten eit stykke om flygelet på Hareid som skulle få nytt liv med Teatret Vårt.

Dei siste åra har flygelet etter han Johannes Teigene stått lagra på ei gamal løe i Isakdalen, Men då løe skulle ryddast måtte dottera Brit Overå, fødd Teigene, finne ei anna løysing for flygelet.

Dottera Toril sette inn ein annonse på Finn.no der ho gjorde kjent at dei ville kvitte seg med flygelet og at instrumentet ikkje var spelbart. Dette passa Teatret Vårt bra, då dei trong eit flygel som rekvisitt til «Høstsonaten».

Vart ikkje svart

Då lokalavisa skreiv om dette sist var det tale om å lakke flygelet svart. Det vart det ikkje noko av, noko Brit Overå og dei andre etterkomarane er glade for.

Flygelet tok seg flott ut under oppsetjinga, og det hadde fått seg ei oppussing, så det skein fint på scenen og ein såg treverket fint.

– Fenomenalt

– Eg synest det er fenomenalt at det kan brukast i ein slik samanheng, sa Overå til Vikebladet Vestposten.

Ho var i mange år ein sentral skikkelse i teatermiljøet på Hareid, så at det er på teaterscenen flygelet lever vidare passar henne godt.

Også for faren sin del synest ho det er kjekt at flygelet får leve vidare. Johannes Teigene var utdanna instrumentalmakar og pianostemmar og stemte pianoet på gehør.

Flygelet viktig del av stykket

Flygelet hadde ein sentral plass i oppsetjinga av «Høstsonaten» av Ingmar Bergman. Medan det i filmversjonen frå 1978 var Ingrid Bergman og Liv Ullmann som spelte Charlotte og Eva, var det i denne teateroppsetjinga Vivi Sunde og Johanna Mørck som spelte mor og dotter. Stykket handlar om tilhøvet mellom mor og dotter. Mora er ein stor pianist som har via livet til musikken, ikkje familien.

Kvinnene har mykje usagt seg i mellom, men i kjend Bergman-stil kjem det etter kvart opp til overflata.

Stykket var meisterleg spelt, med lange monologar og mykje pianomusikk. Bjørnar Lisether Teigen var ektemannen Viktor og Michelle Heedal dottera Helena, også dei var dyktige.