Gratis føredrag på Sjøborg tysdag:

"Helsesista" kjem til Ulsteinvik

"Helsesista", Tale Krohn Engvik, kjem til Ulsteinvik tysdag kveld for å halde føredrag.  Foto: Pressefoto.

Nyhende

Tysdag kveld vert det gratisføredrag med "Helsesista" på Sjøborg kulturhus, skriv Ulstein kommune i ei pressemelding.

- Øv å snakke om dei flaue tinga, seier "Helsesista", Tale Krohn Engvik, i meldinga.

Sjølvkjensle, press, kleine samtalar og nakenbilde er noko av det ho skal snakke om, står det skrive.

Arrangørane, Ulstein kommune og helsestasjonen, oppmodar folk til å bli med på det dei meiner er årets viktigaste føredrag.