Sarah Hardacre er den andre kunstnaren som Studio Hugo Opdal har i «Artist in Residency». Og Hardacre strålar etter å ha fått vore på Flø i tre veker og arbeidd.

Hardacre kjem frå Manchester og har atelier i London med Paul Stolper. Ho syntest det var herleg å kome seg ut av storbyen, vekk frå distraksjonar og få jobbe uforstyrra på Flø. Ho er imponert over å finne eit så moderne og bra galleri på bygda.

– Vil du kome tilbake?

– Så absolutt! Her er så briljant og fantastisk! Her er rom til å konsentrere seg om berre jobb. Her er stilt, vakkert og fredfullt, seier Hardacre til Vikebladet Vestposten og legg til at det var godt å kome seg vekk å få litt perspektiv på. Flø er ein vakker og spesiell plass som ho veldig gjerne vil kome tilbake til. Neste år er det 10-årsjubileum for Go With the Flø, då kjem ho gjerne. Ho seier også at ho vil tilrå andre kunstnarar å ta eit opphald her.

– Sjå den utsikta, det er heilt fantastisk, utbryt ho og slår ut med armane.

Ho har vore på fjellturar kvar ein dag, og har lært seg namnet på fleire lokale fjell.

Frå arkitektur til natur

Den britiske kunstnaren er fascinert over korleis kvinner blir framstilt i media. Ho lagar collagar av lettkledde kvinner frå gamle erotiske blad. Tidlegare har ho plassert dei med hus, men etter ho kom til Flø kan ein likså godt sjå kvinnene med natur i bakgrunnen, eller ein fugl framfor brysta.

Hardacre seier sjølv at opphaldet her på Flø har påverka kunsten hennar. Ikkje berre den vakre naturen, også det rosa golvet i galleriet har verka inn på henne.

Meir naturlege

Hardacre meiner det er stor skilnad på bileta av kvinner ho finn i dei gamle magasina og i dag. Det er til dømes heilt andre skiljelinjer på nakenheit.

– Eg seier ikkje at kvinnene som vart fotograferte i Penthouse ikkje vart utnytta, men fotografia var meir kunstneriske, meiner kunstnaren.

Ho likar også at kvinnene er meir ekte. Desse kroppane har ikkje vore gjennom plastisk kirurgi eller fotoretusjering. Dagens bilete viser noko heilt anna. No er alt digitalt og online.

Ålesund laurdag

Laurdag blir det ei lita utstilling i Ålesund, før ho reiser heim til Storbritannia sundag.