Universell utforming på eine sida

Skisse.   Foto: Slyngstad AAmlid Arkitekter

Nyhende

Ulstein kommune har hatt møte med Ulsteinvik Utvikling og diskutert korleis ein kan få til ei best mogleg løysing, og helst sikre univerell utforming rundt Sjøsida 2.

Frå Ulstein kommune møtte ordførar Knut Erik Engh og Ottar Kaldhol, som er leiar i Fellesrådet for eldre og menneske med nedsett funksjonsevne.

Dei meinte det er tilstrekkeleg å sikre lik tilgang til sjølve uteområdet. Kravet til universell utforming for kaipromenade (som ferdselesåre) er sikra gjennom passasjen, står det i referatet frå møtet.

Dei drøfta både løysingar med rampar som tilfredsstiller krava til universell utforming, og løysing med mekanisk løfteplattform. Ein løfteplattform vil ta liten plass, vere ei sikker løysing og gi ei god estetisk utforming. Frå teknisk etat si side har ein gitt tilbakemelding at dette ikkje vil vere i strid med kravet frå teknisk utval om å etablere rampe, då føremålet med dette kravet var å sikre tilgang til den nedsenka delen av kaipromenaden. Ei løysing med løfteplattform vil vere ei fullgod løysing som overgår det teknisk utval har gjort vedtak om, heiter det vidare i referatet.

Kan få løfteplattform

Det vart konkludert med at Ulsteinvik Utvikling legg til grunn i den vidare prosjekteringa at tilkomsten på eine sida av det nedsenka området skal tilfredstille i TEK 17 § 8-7 for Gangadkomst til uteopphaldsareal med krav om universell utforming.

Det kan nyttast ei mekanisk løfteplattform som er konstruert for utandørs bruk dersom ei fullgod rampe viser seg vanskeleg å etablere. Utbyggar vil drøfte med leverandør om det er føremålstenleg å gå for ei innebygd løysing eller om ei opa løysing er tilstrekkeleg.

Kommunen vil som ein del av eigarskap og drift av uteområdet få ansvaret for ettersyn og vedlikehald av løfteplattforma dersom dette vert valt.