Det var måndag Hans-Olav Myklebust i Ørsta Frp og Ulstein-ordførar Knut Erik Engh i Ulstein Frp lanserte ideen om å slå saman Ulstein og Ørsta kommunar.

Tysdag tok Myklebust ideen med seg til formannskapet i Ørsta, og bad om at det vart gjennom eit oversendingsframlegg vart gjort eit vedtak der kommunen starta ein prosess med å greie ut forslaget.

Heller Aukra enn Ulstein

Men formannskapet sa nei. Både på formelt grunnlag, fordi saka ikkje stod på saklista. Men også fordi nokre synest at ideen ikkje var særleg god.

– Det er fint å kunne stå fram i avisa med eit slikt forslag. Men kvifor stoppe med Ulstein. Kvifor ikkje samanslåing med Aukra kommune? Dei er ikkje i verdstoppen i kommunegjeld, sa Paul Kristian Hovden (KrF) med ein viss sarkasme.

Han frykta ei utgreiing om ei samanslåing med Ulstein kommune vart ei ny ørkenvandring, og minte dessutan om at Ørsta kommune uansett ville vere større enn nye Volda kommune. Jostein Mo (Ap) bad om at saka ikkje vart diskutert.

Blokkommunar

– Dette er ikkje på saklista, og har ikkje noko på dagens møte å gjere, sa Mo.

Ordførar Stein Aam (Sp) var ikkje avvisande til ideen, men såg heller ikkje grunn til å ta opp saka, då ho ikkje var på saklista.

Dessutan peika han på arbeidet som no er i gang med såkalla blokkommunar. Altså at kommunar samarbeider tett, utan å slå seg saman.

– Dette arbeider Herøy, Vanylven og Sande no med, og vi bør sjå rapporten om dette arbeidet før vi går vidare, sa Aam.

Framoverlent

Myklebust på si side meinte tida var moden for å gå vidare.

– Ting endrar seg rundt oss, og det skjer raskt, Det gjeld Volda, Hornindal og Bjørke, og vi ser kva som skjer rundt Ålesund. Vi kan velje å sitje stille å sjå på desse endringane, eller vi kan velje å lyfte blikket, sjå noko meir enn Ørsta og Volda. Ulstein kommune likar å vere framoverretta og framoverlente. Dei er ein utviklingskommune, slik vi er ein utviklingskommune. Vi må gjere kvarandre gode, sa Myklebust.

Men han innsåg at han denne gongen ikkje fekk gehør for å ta opp saka, og lova å kome tilbake med dette forslaget på meir formelt grunnlag.