SSIKT er eit interkommunalt IKT-samarbeid mellom dei sju kommunane Hareid, Ulstein, Herøy, Sande, Vanylven, Ørsta og Volda.

Serverparken deira står i kjellaren på Hareid rådhus, så har dei ei avdelinga med driftspersonell i Herøy. Men dei tilsette i SSIKT har varsla frå om at dei har lyst til å samle SSIKT under eitt tak. Lokala dei har i Herøy er for små til det, så dei må finne nye lokale. Dei tilsette vil helst til Myrvåg. Men styret i SSIKT avslo det ønsket. Medlemskommunane er samde om at når dei lokaliserer tenester vil dei styrke eksisterande sentrum, framfor å byggje nye. Styret har også signalisert at dei ønskjer å nytte eksisterande kommunale bygg.

Fleire kommunar har meldt si interesse for å huse SSIKT. Det har både Hareid, Ulstein, Herøy og Ørsta.

Pris og tid

Rådmann Ragnhild Velsvik Berge orienterte Hareid formannskap om dette måndag. Ho sa at når SSIKT skal bestemme seg for lokale er prisen og kor fort dei kan flytte inn i lokala viktige.

Ho ønskte tilbakemelding frå formannskapet på om dette er noko dei ønskjer at administrasjonen skal arbeide vidare med. Er det til dømes aktuelt å flytte ut biblioteket for å rydde plass til SSIKT? Kostnadene til ombygging av rådhuset vil også bli noko høgare.

25 stillingar

Guttorm Rimstad, som er leiar for SSIKT, var også til stade på møtet. Han sa at dei treng ein lokasjon der dei kan vere dei neste ti åra. Dei treng ein fast møteplass der dei kan samlast. Dei har 23–25 stillingsheimlar og treng 400–500 kvm.

Mest aktuelt med rådhuset

Ranja Dimmen Alme (Folkelista) ville vite om det kan vere aktuelt med andre lokale i Hareid. Rimstad svara at dei uansett må ha sørverrommet og ein del anna på rådhuset, så det er mest føremålstenleg å samle det der.

Skal SSIKT utvide i kjellaren på Hareid rådhuset må Hareid folkebibliotek over i andre lokale. Eivind Longva, som er kommunalsjef for sektor for læring og kultur, hadde blitt kjend med problemstillinga berre tre timar før møtet og beden om seie noko om dette.

Slik han såg det kan det vere ein fordel om biblioteket blir lokalisert i eit fellesområde der folk ferdast, det kan auke bruken av biblioteket.

Helsehuset vart nemnd som eit aktuelt lokale.

– Hareid er optimalt

Oskar Grimstad (Framstegspartiet) var klar på at Hareid kommune bør arbeide for å få SSIKT. – Det er inga stor sak om Hareid blir utan bibliotektilbod for ein kort periode, meinte han. Han kunne ikkje forstå anna enn at Hareid er optimalt for ei slik plassering, her er eit knutepunkt.

Rimstad fortalde at dei har strenge reglar for kven som får kome inn på området deira. Det må vere eit låsbart lokale.

– Spennande planar

Annika Brandal (Venstre) presiserte at biblioteket har 20 000 bøker, så flytting av biblioteket, og kvar det skal ligge er ei stor sak. Men det kan vere spennande å sjå på andre løysingar for biblioteket.

Stian Runne Brandal (Arbeidarpartiet) var klar på at der bør liggje klar ein plan for ei skikkeleg og permanent løysing av biblioteket før ein flyttar det til ei eventuell mellombels løysing. Elles er han redd det blir plassert i nokre brakker. Hareid må ei eit skikkeleg bibliotek.

Administrasjonen arbeider vidare etter innspela dei fekk.

Brandal: Annika Brandal (Venstre) synest det kan vere spennande å flytte biblioteket. Foto: Ingvild Aursøy Måseide