I retten kom det fram at mannen var rusa då han besøkte foreldra sine tidleg i februar i år.

Han forklarte at han har rusa seg sidan 17-18årsalderen, og at rusmisbruket har omfatta både alkohol, hasj og amfetamin.

"Kokte over"

Mannen fortalde også at han endrar seg når han drikk og at han då vert provoserande og aggressiv. Og då faren ikkje ville han han i leilegheita lenger og bad han gå, "small" det for han.

Han forklarte at det "kokte over" og at han hugsar at han slo faren med knytta neve i kinnet og at han slo han i ryggen.

Retten meiner det ikkje er tvil om at Ulstein-mannen slo med vilje.

Faren klarte å kome seg inn på badet, han låste døra og ringde politiet.

Drapstrugsel

Mannen var i tillegg tiltalt for å ha truga med å drepe faren. Han sa seg skuldig også i dette, men i retten hugsa han ikkje kva han hadde sagt til faren den dagen.

Fire vitne forklarte seg i retten, og retten meiner det ikkje er tvil om at tiltalte munnleg truga med å slå faren i hel.

Samfunnsstraff

Tingretten dømer Ulstein-mannen til 29 timar samfunnsstraff.

"I skjerpande retning kjem at eitt av slaga hadde stort skadepotensial ved at det var retta mot hovudet", skriv tingretten.

Dei legg også vekt på at faren er i 70-åra og han vart utsett for vald i sin eigen heim.