Reiarlaget Norled må droppe planen om å setje bilferja Hamarøy inn i sambandet Hareid-Sulesund frå førstkomande måndag.

- Ferja har rett og slett for stor baug. Det går fint å legge til på Hareid, men på Sulesund kjem baugen borti tårna med hydraulikken til køyrebrua, fortel Inge André Utåker, regionsjef for ferjer i Norled.

Norled har lånt ferja frå reiarlaget Torghatten og har tidlegare brukt den i trafikk i Hordaland.

Først då ferja kom til Sunnmøre i går, vart det oppdaga at ho ikkje kan brukast mellom Hareid og Sulesund.

Frå måndag skal C-ferja i sambandet, Høgsfjord, på eit to veker langt, planlagt verkstadopphald.

- Vi ville setje inn ei reserveferje, for å unngå å ha berre to ferjer i sambandet, seier Utåker.

Han fortel at Hamarøy fredag formiddag er på veg til Volda, for å teste om ho kan brukast anten mellom Volda- Folkestad eller Volda- Lauvstad.

- Viss det vert klaff, set vi truleg ferja Folkestad inn mellom Hareid og Sulesund desse to vekene Høgsfjord er på verkstad, seier Utåker.