Torsdagskvelden var det medlemskveld på Amfi Ulsteinvik. Trendekspert Marianne Jemtegård, kjend frå mellom anna God Morgon Norge på TV2, var der og delte villig vekk tips om vårtrendane, både innan klede og interiør.

På slutten av kvelden var det trekning av ein heldig vinnar. Før trekninga spurte senterleiar Helene Holstad om det var folk til stade som ikkje hadde meldt seg på, men som gjerne ville vere med i trekninga. Då måtte dei vere raske.

Ein av dei som pila fram og skreiv namnet sitt på ein lapp og putta i kassa var Eva Pettersen. Og det var det bra ho gjorde, for ho vart så trekt ut som vinnar. Ho fekk ein stor blomebukett, ho skulle få gåvepose frå Vita, med produkt Jemtegård plukka ut spesielt til henne. Og Jemtegård og ho skulle plukke ut klede i butikkane for tusen kroner.

Eva Pettersen var glad for å vinne.