«Hareid kommune har halde seg til saklege og faglege argument i denne saka, og er difor noko forundra og skuffa over e-posten frå ordførar Engh i Ulstein».

Sitatet er henta frå eit brev ordførar i Hareid, Anders Riise, har sendt til fylkesutvalet. Han viser til ein e-post kollegaen hans i Ulstein, Knut Erik Engh, sende til dei same politikarane.

Vikebladet Vestposten har fått tilgang til e-posten, der Engh skriv følgjande: «Eg tek kontakt fordi det openbart er ein del faktafeil og vikarierande argument ute og går når Hareid mobiliserer for å legge tannklinikken til Hareid.»

Engh skriv at Hareid tydelegvis har ei utfordring med å realisere Helsehuset utan at pasientar frå Ulstein kommune skal vere ein del av pasientgrunnlaget.

Riise skriv i sitt brev at dette er ein påstand som både er feil og svært beklageleg at vert framsett utan grunnlag i fakta.

Engh skriv vidare: «Eg ønskjer Hareid alt godt, og vi har også vist dette ved å legge felles Nav-kontor til Hareid, men dersom denne saka endar med at tannklinikken også endar på Hareid vil det gode samarbeidet få ein alvorleg knekk.»

Anders Riise skriv følgjande i sitt brev til fylkesutvalet:

«I tillegg vert fylkespolitikarane forsøkt pressa til å velje Ulstein for at ikkje eit interkommunalt samarbeid skal knekke saman.(..) det er beklageleg at de skal bli trekt inn og brukt i eit spel frå Ulstein kommune si side, i den grad det kan bli svekka, er det i tilfelle ordføraren i Ulstein som legg føringar for det.»

– Utfordrar samarbeidet

Vikebladet Vestposten har gitt begge ordførarane høve til å kommentere saka.

– Eg er slett ikkje einig i at eg prøver å drive eit spel i denne saka, heller ikkje at eg har kome med usaklege og urette opplysningar. Eg og Anders var tidleg klar over at vi var ueinige i denne saka og at vi begge fekk kjempe for vårt. Vi var også samde om å vere saklege i argumentasjonen, seier Knut Erik Engh. Ulstein-ordføraren seier at kjernen i hans bodskap er at pasientane må setjast i fokus.

– Når det gjeld påstanden om at eg sår tvil om realismen i Helsehuset, så speglar eg berre dei argumenta som Hareid sjølv har brukt, at det er kjempeviktig for Helsehuset at tannklinikken vert lokalisert der,

seier Engh, som stadfestar at saka er utfordrande for samarbeidet mellom dei to kommunane.

– Eg får dagleg tilbakemelding frå innbyggarar og folkevalde om at dei er kraftig provosert over at ein argumenterer for at tannhelseklinikken skal flyttast til Hareid fordi NAV skal flytte dit, seier han.

Anders Riise ønskjer ikkje å kommentere saka så mykje utover brevet han har sendt til fylket, men seier følgjande:

– Helsehuset vert realisert uavhengig av om tannklinikken vert plassert der eller ikkje. Men vi meiner det ville vere ein stor fordel for brukarane og fagmiljøet viss det dei vert samlokalisert i eit hus der det også er andre helsetenester. Der får ein også vere med og planlegge frå starten av i byggeprosessen, i staden for å gå ut på leigemarknaden, der ein ofte må ty til kompromissløysingar.