«Ja, du må vere heil ved!»

Det var første dag på ungdomsskulen og læraren var i gang med namneopprop i klasse 7C. Kommentaren fall i same andedrag som han las namnet mitt: Linda Eikrem.

Heil ved? Kva i alle dagar meinte han med det? Kva var det med namnet mitt som fekk han til å snakke om ... ved? I august..? Det var då lenge til fyringssesongen!

Der og då torde eg ikkje spørje kva han meinte, det var for skummelt for ein bygdis å ta ordet første dagen på skulen i storbyen Volda. I klassa på barneskulen hadde vi vore to jenter og fire gutar. I klasse 7C var vi nesten tretti. Og så stod læraren der ved kateteret og sleiva ut av seg ein kommentar om namnet mitt! Eg kjende det brann i nakken.

Det var første gong eg høyrde uttrykket heil ved.

Seinare forstod eg at han sa det fordi eg har to tresortar i namnet mitt: lind og eik. Den dag i dag er eg usikker på kor godt eigna dei to tresortane er til ved. Men det hadde vore ganske kult viss eg hadde valt eit yrke som skogforvaltar, tømmerhoggar eller arborist!

Og når eg tenkjer meg om, har eg alltid hatt eit nært forhold til tre: i oppveksten tappa vi sevje frå bjørka, plukka gåsungar frå selja og nøtter frå hasselen. Kvar vår måtte eg smake om rognebæra framleis var like sure, og til jul var det kortreist gran eller furu som juletre. Blomane på heggen lukta godt ute, men lukta kattepiss viss vi tok dei med inn. Heggebæra smakte bittert, medan hylleblomster vart omgjort til kjempegod saft. Det var alltid eit spenningsmoment om bjørka rakk å verte grøn til 17. mai, og om frukttrea i hagen hadde eit godt år eller ikkje.

I tunet i bestefargarden stod namnet mitt, der var både ei lind og ei eik. Den store eika var eldgamal, lindetreet nedom løa var av nyare dato, for det hadde bestefar Lars planta. I bygdesoga las eg at det i verkeleg gamle dagar skulle ha vore ei kjempestor eik på Eikrem. Ho var så stor at då ho vart saga ned, kunne sju par danse på stubben på same tid. Vanskeleg å sjå føre seg, men folk var vel generelt litt mindre av vekst før i tida. (Eller så kan det sjølvsagt vere at historia har vorte påplussa i løpet av åra.)

Eg likar generelt ikkje at tre vert saga ned. Difor kjende eg det stakk djupt, den dagen eg kom heim til Eikrem og såg at den gamle eika, tuntreet i bestefargarden, var saga ned. Den store eika var historie og låg i bitar på bakken. Einaste trøysta var at lindetreet var skåna for motorsaga.

Eg var sikkert ferdig med ungdomsskulen før eg forstod tydinga av uttrykket «å vere heil ved». Å vere heil ved, ja, det er ein god ting, det er noko anna enn å vere kunstig og falsk. Dei som er heil ved er til å stole på, det er eit heidersuttrykk som ikkje passar for alle.

Seinare har dette uttrykket følgt meg. Eg kjenner mange som er heil ved. Menneske som er ekte, slett ikkje feilfrie, men som går inn i arbeid og fritid med hjarte. sjel og klokskap.

Eg vil også gjerne vere heil ved. Sjølv om det er lenge til fyringssesongen startar igjen.