Politikarane har pålagt administrasjonen å finne måtar å spare ti mill. kroner på drifta. Kommunalsjefane har fått i oppgåve å kutte litt ekstra, så det er rom for politiske prioriteringar. Førre veke fekk Herøy formannskap presentert framlegget til kuttliste.

Jarl Martin Møller, kommunalsjef for samfunnsutvikling, foreslo å leggje ned brannstasjonen i Myrvåg, på det viset skulle han spare 800 000 kr. Han tenkte også å gjere nokre andre endringar i tillegg, så til saman foreslo han å kutte 1,4 millionar innan brannvern.

Ifølgje Vestlandsnytt argumenterte han på møtet med at Herøy ikkje er lovpålagt å ha brannstasjon i Myrvåg.

Til Vikebladet Vestposten seier Møller at formannskapet berre har fått ei munnleg orientering. Der fekk dei innspel, som det tar omsyn til når dei utarbeider ein skriftleg rapport til måndag. Så reknar han med at rådmannen legg det fram for formannskapet så snart som råd.

– Så du meiner det er forsvarleg å leggje ned stasjonen?

– Ja, elles ville eg ikkje foreslått det. I Myrvåg er det snakk om ei sjåførvakt på ein bil med vatn.

– Men dei seier dei er og gjer mykje meir.

– Ja, men det er det dei skal vere, svarer kommunalsjefen.