Fylkestinget avgjorde måndag kvar distriktstannklinikken for Ulstein og Hareid skal ligge. Med 33 av 47 stemmer stemte Fylkestinget for at det er på Hareid den nye, samla distriktstannklinikken skal ligge. Ein ambuleringsklinikk blir lagt til Ulsteinvik.

- No er eg berre veldig, veldig glad. Dette er heilt fantastisk, seier Hareid-ordførar Anders Riise (H) til Vikebladet Vestposten.

Han er godt nøgd med at Hareid kommune fekk gjennomslag for argumentasjonen sin.

- Det var veldig gledeleg at mange av dei som tok ordet under denne handsaminga meinte at ved å leggje distriktstannklinikken til det nye helshuset, vil ein få eit større helsefagleg miljø. Dette med avstand verka ikkje til å vere eit stort tema.

Slitesiger og lagsiger

Riise meiner dagens siger i Fylkestinget var stor for kommunen.

- No er eg berre så utruleg glad, og eg vil gje honnør til mange i det politiske miljøet i Hareid. Dette var heilt klart ein slitesiger og ein lagsiger for det politiske miljøet i Hareid. Vi har nytta dei faglege argumenta, og fått gjennomslag for dei. Det er det viktigaste, seier Riise og legg til:

- Dette er eit viktig element for oss som endeleg er på plass når vi no går inn i siste del av førebuingane av utbygginga av helsehuset. Så får også fylkeskommunen vere med og definere sine behov. Dette blir veldig, veldig bra!

Skuffa Ulstein-ordførar

Det var nok dei som trudde at Ulsteinvik ville gå sigrande ut av denne kampen, men slik blei det altså ikkje. Ordførar i Ulstein kommune, Knut Erik Engh (Frp), legg ikkje på nokon måte skjul på at han meiner Fylkestinget har valt feil.

- Eg er frykteleg skuffa over utfallet. Her meiner eg Fylkestinget har sett til side ein del viktige, eigne prinsipp. Dei har ikkje tatt omsyn til pasientane sine behov, og heller ikkje til at det blir lengre reiseveg for langt over halvparten av dei. Dette rimer heller ikkje godt med ideala til fylkeskommunen om attraktive byar og tettstadar, seier Engh.