VG skriv at på fem år har rundt 200 kommunar og fylkeskommunar blittt fakturerte for 7,5 millionar kroner av Det Norske Kartselskapet. Dei fekk rekningar for ein teneste dei ikkje har bestilt.

Ein av dei kommunane som har blitt lurt er Ulstein kommune. I perioden 2012 til 2015 har dei blitt fakturerte for 14 410 kroner.

Anita Sundnes på teknisk etat seier til VG at seljarar frå kartselskapet rundlurte ein nytilsett leiar. Så fort dei som arbeider med kart fekk kjennskap til dette tok dei affære og fekk stoppe vidare bestillingar.

Hareid kommune har ikkje blitt fakturert av kartselskapet.