I ettermiddag, tysdag, skal Hareid og Ulstein Brannvesen ha øving i lag med politi og ambulanse ved Jets i Hareid.

Bli difor ikkje redd om du ser eller høyrer sirener i området på denne tida. Naudetatane skal nytte "Kvalsvik-bygget" og gjennomføre viktig og realistisk PLIVO-øving (pågåande livstruande vald).

Væpna politi

Politiet vil vere væpna under øvinga, så innbyggjarane i Hareid kan høyre norke høge smell utover ettermiddagen og tysdagskvelden. Ut over støyen skal lausskota vere heilt ufarlege.