Gruppeleiaren i Ulstein SV har lyst til å kommentere utspelet til Knut Erik Engh og Hans Olav Myklebust (båe Framstegspartiet) om å slå saman Ulstein og Ørsta.

Han seier at SV har programfesta at det beste er om Hareid og Ulstein slår seg saman. Han ser det som mest naturleg at Ørsta og Volda slår seg i saman, og Herøy og Sande. Men no som det ikkje vart noko av dei samanslåingane, meiner Feiring at om ein skal satse på samanslåing må det bli med dei sju kommunane i sjustjerna.

– Om alle dei sju ordførarane set seg ned, slepp ein slike nabokranglar, seier Feiring.

God kjennskap til regionen

Han har arbeidd 20 år i Ørsta, 10 år i Volda og ein del år i Dragsund. Han reiser også ein del rundt på møte og arrangement i dei ulike kommunane i regionen vår, og det går heilt fint.

– Eg kjenner Ytre godt, kommunane utfyller kvarandre på ein god måte. Det er eit fantastisk område, frå tind til tare, seier Feiring som trur det kunne blitt ei flott kommune.

Han trur også det ville ha gagna dei mindre grendene at kommunane slo seg saman til ei. Volda har høgskule og sjukehus, kommunane på ytre har den maritime industrien, Ørsta har flyplass og landbruk. Kommunane komplimenterer kvarandre godt, meiner han.

– Avstandane er ikkje så store, det er gode vegar, kommentere han.

Eigenleg komfortabel utan samanslåing

– Så du kjenner deg ikkje ferdig med kommunereforma etter dei prosessane me har vore igjennom?

– Jau, eg var i grunnen ferdig og komfortabel med det. Men no som innspelet om samanslåing av Ulstein og Ørsta kom ville eg kome med dette innspelet. Skal det bli noko må det bli med alle sju.

Har namnet klart

SV-aren synest det er naturleg at sentraladministrasjonen blir lagt til Volda, for der er høgskulen og sjukehuset. Han synest ikkje den nye kommunen blir for stor om ein slår saman sju kommunar. Det er ikkje noko problem.

– Og namnet, ja det må bli Eiksund, avsluttar han.

Blanda mottaking