(NPK-NTB): Avgifta var på 80 kroner ved innføringa i juni 2016, men har no auka til 83 kroner. I statsbudsjettet for 2018 bad Stortinget regjeringa vurdere ei omlegging av flypassasjeravgifta slik at ho får ein miljøprofil, til dømes differensiering etter kor lang flyreisa er. No er saka til vurdering.

– Vi ønsker ei avgift som varierer etter lengda på flyreisa og har ein tydelegare klimaeffekt, sa Venstre-leiar Trine Skei Grande til NRK i fjor.

– Finansdepartementet ser på løysingar på linje med den dei har i Tyskland og Sverige, sa fungerande statsråd Jon Georg Dale (Frp) i spørjetimen i Stortinget sist veke.

I Tyskland er avgifta på 72 kroner for dei korte turane og opptil 340 kroner på dei lengste. I Sverige er avgifta på 80 kroner for reiser innanfor Europa, 280 kroner utanfor Europa inntil 600 mil og 460 kroner for dei lengste reisene.

Espen Andersen, som er førsteamanuensis ved BI og ekspert på flybransjen, trur også avgifta vil auke.

– Den opphavleg avgifta var ei fiskal avgift som ikkje har hatt verknad på trafikkmønsteret. Spådomen min er at ein held fram med den, og at ein også følgjer det som blir gjort i andre land, for då verkar den ikkje konkurransevridande, seier han til NRK.