Mjølkebøndene Jostein Flø og Inghild Eidset frå Flø fekk heider frå TINE måndag kveld.

Dei to mottok det såkalla Mjølkespannet for å ha levert elitemjølk i meir enn 25 år samahengande.

Mjølkespannet er ein ny heiderspris som vart utdelt for første gong i år der kravet er samanhengande 25 år med elitemjølk. Fortsatt vert Sølvtina utdelt til mjølkeprodusentar som leverer elitemjølk i samanhengande 15 år, heiter det i pressemeldinga frå TINE.

Også ein annan bonde frå Sunnmøre, Kåre Inge Rudi frå Haramsøya, fekk denne utmerkinga.

Kvar testar TINE kvaliteten på mjølka frå mjølkeprodusentane. Den beste mjølka vert kalla elitemjølk, og det er altså slik mjølk bøndene har levert i meir enn 25 år.

Styreleiar i TINE, Trond Reierstad, er stolt over mottakarane av Mjølkespannet.

- Høg kvalitet er det beste konkurransefortrinnet norsk mjølkeproduksjon har i konkurranse med utanlandske aktørar, seier han.