Før det ekstra kommunestyremøtet på Melshorn Hotell onsdag denne veka synest det å handle om å godta ein kostnad på 19,4 eller 23,4 mill. kroner.

Den nye einingsleiaren for bygg i Hareid kommune, Pergunn Rødset Gjerdsbakk, leia synfaringa der også Kai Rune Bjørke frå administrasjonen og leiande vaktmeister Endre Johan Ose deltok.

Målet med omvisinga var å gi politikarane (formannskapet) innsyn i tilstanden og dermed kunne gjere seg opp ei meining om kvar lista for den vidare rehabiliteringa skulle ligge.

Frå administrasjonen si side blir saka lagt fram med tre alternativ: Stoppe no og fullføre det som er påstarta til ein prislapp på 4,4 mill. – eller stå løpet ut til alternative prislappar på 19,4 (alt. 2) og 23,4 mill. kroner (alt. 3). Skilnaden på alt. 2 og 3 går på kor vidt ein skal satse på panelomnar (2) eller vassboren varme (3). I begge desse vaksne alternativa skal alle vindauge utskiftast – og i tillegg blir det full oppfølgjing av brannforskriftene.

Synfaringa viste at hovudarbeidet hittil i hovudsak ligg i at det er montert nye himlingar. I tillegg er det saga plass til (og delvis montert) fleire nye dører.

250 vindauge skal skiftast ut

Kostnaden med utskifting av vindauge og fasade er litt av ei utfordring. Rådhuset har om lag 250 slike – og mange av dei er store. Det vart hevda at vindauga var punkterte og at dei inneheldt det skadelege stoffet pcb.

Kva med solcellepanel?

Tidleg i synfaringa vart også tanken om å montere solcellepanel på rådhustaket lansert. Oskar Grimstad (FrP) ivra særleg for dette og ville ha ei rask vurdering av kor vidt tak-konstruksjonane ville tole det.

Men konklusjonen var at solcellepanel ikkje kunne kome i denne omgangen. Men kanskje ein gong i framtida.

Områdeleiaren slo elles fast at rådhustaket ikkje stod på skade og lak. – Men manglande vedlikehald over tid ville sjølvsagt føre til at ein til slutt må inn og gjere noko.

– Har du eit hus, blir du aldri ferdig med å reparere og halde ved like, var eit av fleire visdomsord som fall i så måte.

Det vart også sukka over kor kostbart rehabilitering av slike gamle murbygg er. Ja, enkelte hevda – rett nok utan å ha rekna på det – at det ville vere like rimeleg å rive rådhuset og bygge eit nytt moderne, fleksibelt.

720.000 i året til straum

Hareid rådhus har eit straumforbruk på 720.000 kroner i året. Den vassborne varmen, som renn i dei gamle røra, blir pøst ut med ein temperatur på vel 70 grader. Det vanlege er i overkant av 30 grader. Dårleg isolerte ytterveggar gjer varmetapet ekstra stort. Luftlekkasjar vil på sikt gi danning av muggsopp.

Kostbar brannsikring

Synfaringa slo også fast at brannsikringskrava er ein vesentleg kostnadsfaktor. Fleire stader må ein etablere nye rømingsvegar. Blant anna fortalde einingsleiaren at brannforskriftene forbyr å ha folk på galleriet i kommunestyresalen. Her må det sagast ut plass til ei rømingsdør slik at folk kan røme ut på taket ved eventuell brann.  Nede i sjølve kommunestyresalen krev forskriftene at det blir saga ut ein rømingsveg i veggen under Jørgen Skaare-kunstverket. Eit område under og til venstre for kunstverket er utpeika.

Dersom politikarane seier ja til ein større rehabiliteringspakke, vil ein også måtte rekne med større kostnader til leigeavtalen i Myravegen (Hareid Elektriske).

Julegraut i eige hus?

– Viss julegrauten blir eten her, skal eg ete han utan smør på, sa Oskar Grimstad, som dermed spådde at ambisjonen om å flytte innatt i rådhuset i løpet av året var vel optimistisk.

Det vart til slutt poengtert at alternativ 2 – der ein i staden for vassboren varme monterte panelomnar - ville ta lenger tid å gjennomføre enn det dyrare opplegget med eit nytt anlegg for vassboren varme.