Det viser seg at kommunen ikkje har sett av nok pengar til å gjennomføre den vedtekne renoveringa av rådhuset. I sakspapira blir det oppgitt tre hovudgrunnar til auken i totalpris.

1. Høgare tilbod enn budsjettestimat. Estimerte verdiar som er utlyste er berekna med meirverdiavgift, noko som kan ha ført til feilaktige forventingar i marknaden.

2. Det er ikkje tatt høgde for kostnader byggherre har ansvar for (som riggkostnad, auka husleige og avfallshandtering).

3. Brannkonsept er ikkje ferdig utforma og heller ikkje eventuelle konsekvensar, samt elektrokanalar langs fasade og branntrapp er ikkje kostnadsrekna.

Den siste branntekniske tilstandsvurderinga er frå 2014. Ho er ikkje tilstrekkeleg jamfør den rehabiliteringa som no er skissert. Nytt brannkonsept er under arbeid. Administrasjonen har ikkje ei komplett utgreiing, men har fått eit estimat på kostnadene, som er lagt inn i totalsummen. Det viser seg m.a. at nokre fasadevindauge må bytast ut med dører for å få nok rømmingsvegar.

Neppe stopp i rådhus-prosjektet