– Magekjensla mi sa at dette var ein gjest som ikkje kom til å betale for seg.

Det har gått nokre dagar sidan ein mann i 30-åra frå Nord-Noreg dukka opp i resepsjonen hos Linda Haddal Røssvoll på Melshorn Hotell. Det skulle vise seg å vere starten på ei slags detektivhistorie.

Utsette betalinga

– Det var tysdag sist veke, han lurte på om vi hadde ledig rom. Han skulle vere til torsdag/fredag, men kanskje også i helga. Han fortalde at han skulle på jobb og at han også ville sjå seg litt rundt i området, fortel Røssevoll.

Då ho bad mannen betale, sa han at han gjerne ville betale med firmakortet dagen etterpå.

– Eg godtok det og gav han rom 115. Namnet han oppgav stemde med mobilnummeret han oppgav, eg sjekka i telefonkatalogen. Han var roleg, veltalande og truverdig, seier ho.

Det var først dagen etterpå ho fekk ei kjensle av at noko ikkje stemde:

– I 14-tida skulle eg reie opp senger, ta ut søppel og slikt frå romma. Då eg kom inn på rommet hans, låg han framleis i senga. «Å, skulle ikkje du på jobb?», tenkte eg.

Det same skjedde torsdagen. Røssevoll stussa også på at bilen han hadde kome køyrande i, ikkje stod parkert ved hotellet. Og då han fortalde at han ville bu på hotellet også i helga, fordi han skulle på fisketur med kollegaer og venar, vart mistanken styrkt.

– Han ville ikkje fortelje meg kven han skulle på tur med, og så var det rart at dei skulle fiske kveite. Torsk hadde vore meir nærliggande. Summen av alt dette gjorde at eg tenkte at her er det noko som ikkje stemmer, fortel Røssevoll.

– Fredag bad eg han betale med firmakortet, men då ville han heller ta alt på privatkortet sitt når han skulle sjekke ut måndag. Då tenkte eg: «Han her kjem til å stikke frå rekninga!» Men eg tenkte også at eg ikkje kunne ringe politiet, berre fordi magekjensla mi sa at ein gjest kom til å stikke av frå rekninga, seier Røssevoll.

Laurdag bestemmer ho seg for å kontakte politiet, men får først telefon frå ein av daglegvarebutikkane på Hareid. Dei lurer på om mannen dei har teke for nasking bur på hotellet. Det er eit anna namn enn hotellgjesten har oppgitt, men då ho får sjå bilde av mannen på butikken, ser ho at det er same kar.

– DÅ ringde eg politiet, seier ho. I 23-tida laurdag kveld vart mannen arrestert på hotellrommet. Han tilstod og er no sett fri.

Omfattande svindel

– Dette er ein person som har vore etterlyst av politiet over heile landet. Han tek inn på hotell under falske namn og stikk så av utan å betale rekninga, fortel lensmann i Ulstein og Hareid, Hans-Eirik Pettersen.

Under ransakinga på hotellrommet vart mistanken om bedrageri styrkt.

– Vi fann over seksti hotellkort og nøklar til diverse hotell. Det seier noko om omfanget, seier lensmannen.

Ifølgje politiet er mannen sikta for liknande svindel i Stranda, Brattvåg og Ålesund. Bilen han køyrde, hadde han lånt for ein prøvetur frå ein bilforhandlar i Ålesund.

– Mannen er notorisk, han er også domfelt for liknande lovbrot tidlegare. Så eg ber overnattings- og serveringsstader vere merksame og melde frå til politiet viss dei meiner dei har vorte lurte av mannen, seier lensmann Pettersen.

Linda Haddal Røssevoll reknar med at ho aldri får betalt for døgna mannen budde på hotellet hennar.

– Rekninga hans her kom på 5005 kroner, eg laga til faktura med det rette namnet hans og så gav eg det til politiet.

Magekjensla mi sa at dette var ein gjest som ikkje kom til å betale for seg, seier Linda Haddal Røssevoll ved Melshorn Hotell på Hareid. Foto: Linda Eikrem