Målet er å nytte pausen til å få på bana ei byggenemnd som skal kome med ei vurdering av kvalitet og omfang på dei tinga som enno ikkje er sett i gang. Det gjeld i hovudsak oppvarmingsdelen og utskiftinga av fasadane med sine ca 250 vindauge.

Etter at det kom inn pristilbod på arbeida har prosjektet eskalert frå dei 11 millionane som var lagt inn i budsjettet, til det doble.

Legg fram forslag i august?

Byggenemnda skal få eit par-tre månader på seg til å kome med eit nytt forslag på korleis framhaldet i saka skal vere. Både Annika Brandal (V) og Ole Frank Bakken (H) såg for seg at ein kunne få ned kostnadene.

Folkelista foreslo å trykke på stoppknappen no, fullføre det som var påbegynt og budsjettert - og flytte heim folket frå Myravegen. Bernt Brandal meinte at dei store utbyggingsalternativa 2 og 3 ville føre kommunen innatt på Robek-lista i overlydsfart. Partikollega Kjetil Nesset minte om at politikarane hadde prioritert helsehus, eit tiltak som ville vere med på å tilføre Hareid fleire arbeidsplassar. – Vi må ikkje kome i den situasjon at den sikraste måten å få utført ting på er å IKKJE løye pengar til det, sa han med adresse til administrasjonen si solokøyring utanfor budsjettet.

Men Folkelista si prinsipielle haldning vann ikkje fram. Vi må derfor vente til hausten for å få ei avklaring på kva som vidare skal skje på rådhuset. Dermed blir det også ei lenger leigetid hos Hareid Elektriske i Myravegen.

Rådmannen fekk sterk kritikk for korleis saka hadde fått utvikle seg - og sa seg lei og lova betring.