Ifølgje Ulstein kommune sine nettsider kan badeanlegget i Ulstein Arena med enkle grep verte godkjent som opplevingssenter. Det vil kommunen i så fall kunne spare om lag 10 millionar kroner på.

Ulstein kommune skriv på sine nettsider at Ulsteinbadet per i dag er godkjent som symjehall, men at ein ved å installere to badestampar ute, ei ekstra sklie og fontener i barnebassenget, kan få godkjent Ulsteinbadet som opplevingssenter. Kommunen skriv også at det vart lagt til rette for denne typen utvidingar då anlegget vart bygd og at det difor vil vere enkelt å gjere desse endringane.

Bakgrunnen for at kommunen vurderer dette er at godkjenning som opplevingssenter vil gje kommunen ein auka momsrefusjon på 12,7 millionar kroner, samanlikna med det ein får om anlegget framleis skal vere definert som symjehall. Samstundes vil tiltaket koste kommunen 2,8 millionar kroner og gevinsten vil dermed vere på om lag 10 millionar kroner.

Dette kjem fram etter at Skatt Midt har vore på synfaring i anlegget. No er det Ulstein eigedomsselskap som skal ta stilling til saka. Ifølgje kommunen sine nettsider vil kommunestyret ha siste ord i saka i sitt møte 24. mai.

– Det er iallfall vår tilråding at dette vert gjort. Det styrkar både drifta på lang sikt og gjer det lettare å avslutte investeringsprosjektet innanfor den vedtekne ramma. Der har vi ikkje full oversikt enno, men det nærmar seg, seier Rune Urke, dagleg leiar i Ulstein eigedomsselskap til kommunen sine nettsider.