Natt til onsdag melde Politiet i Møre og Romsdal på Twitter at det har vore observert store mengder hjort langs vegen i Hareidsdalen. I politidistriktet er det også loggført heile 11 viltpåkøyrslar siste døgnet.

Difor oppmodar politiet trafikantane om å vere spesielt merksame på at det kan vere mykje vilt langs vegane på kvelds- og nattetid.