(NPK): – Det er gledeleg mange som vil ha skattemeldinga på nynorsk, og fleire bør det bli før april er omme, seier Magne Aasbrenn, leiar i Noregs Mållag i ei pressemelding.

Han trur det kan vere store «mørketal» i statistikken.

– Eg er sikker på at mange som elles skriv nynorsk, likevel har skattemeldinga på bokmål «av gammal vane». Dette er det svært lett å rette på.

Mållaget har fått statistikk frå Skattedirektoratet for 2016. I Oslo var det då 17.255 personar som ville ha nynorsk skattemelding. Det gjer Oslo til den nest største nynorskkommunen i landet etter Bergen, der 27.124 kravde nynorsk skattemelding. Om tredjeplassen knivar Stord og Voss, med høvesvis 11.404 og 10.222 nynorske skattebetalarar.

– Dette viser at det bur titusenvis av nynorskbrukarar i storbyane. Dei bør få møte språket sitt langt meir enn i dag, seier Magne Aasbrenn.