(NPK): – Dette er heilt meiningslaust både i eit kostnad-nytte og i eit miljøperspektiv, seier administrerande direktør i Revisorforeningen, Per Hanstad, i ei pressemelding.

Når dei nye reglane trer i kraft, skal kvittering leggjast fram for kunden, heilt uavhengig av beløpsstorleik eller om betalinga blir gjennomført med kontantar eller betalingskort. Kvitteringa må skrivast ut på papir med mindre kunden gir seljar opplysningar for å sende den på SMS eller e-post.

Målet med dei nye reglane skal vere å få betre kontroll over svart omsetting.

– Påstanden min er at dette kvitteringskravet korkje har praktisk eller førebyggjande effekt i relasjon til nedkjemping av svart omsetning. Det bidreg berre til meiningslause kostnader for næringslivet og samstundes er det eit miljøproblem, med eit berg av papirkvitteringar som går rett i boset, seier Hanstad.