Det stoppar stadig bilar her, ja. Folk må ut og kjenne på plenen, det er sikkert den mest ”påklappa” plenen i heile Ulstein, ler Roy Magne Haugland.

For tre år sidan bygde han og kona, Avegail Falseco Haugland, hus på Sundgot. Planen var å ha ein flat plen på framsida av huset.

– Vi ville ha det mest mogleg vedlikehaldsfritt, så vi hadde tenkt å legge vanleg grasplen og så investere i ein robotklippar, seier Haugland.

Men så dukka det opp ein annan tanke om eit endå meir vedlikehaldsfritt alternativ.

– Kunstgras har vorte meir og meir vanleg, ikkje her på Sunnmøre, men på Austlandet. Så då bestemte vi oss for å droppe det vanlege graset, det er kjekt å sleppe plenklippinga.

Kvifor har du så mykje imot å slå plen?

– Det er no slik at det skal passe for deg den dagen det er rett vêr og rett lengde på graset. Du skal ha tid til det, og så er det ikkje så lett å kvitte seg med graset i eit byggefelt som dette, seier Haugland.

Han er oppvaksen på eit småbruk på Hasund og er van med både slått og hesjing.

– Vi fekk ordna uteområdet i fjor, og det viste seg vanskeleg å finne nokon som ville ta på seg heile jobben. Vi enda til slutt med Anleggsservice i Ørsta, som laga natursteinsmurane, opparbeidde plenen med pukk og finare grus og så la kunstgraset. Det einaste vi har gjort, er å plante hekken, fortel Roy Magne Haugland.

Også Avegail og dei tre sønene på sju, ni og femten år er fornøgde med resultatet.

– Gutane brukar plenen som fotballbane og det er mogleg å slå ned bøylar til crochet, til dømes. Plenen har god drenering, så det vert fort tørt når det har regna, seier Haugland.

Men saknar de ikkje eit blomsterbed eller to?

– Det kjem nokre blomsterkrukker etter kvart, men blomster i plenen vert ikkje aktuelt.

Vil du rå andre til å legge kunstgras?

– Viss du uansett skal lage ny plen vert ikkje prisskilnaden så stor. Det kostar med plenklippar også. Men skal du ta vekk ein gamal plen og har ein hage med mange skråningar og kupert terreng, er det kanskje vanskelegare å få fint.

Fotball: Aleksander (15), Hans Martin (9) og Jan Fredrik (7) brukar gjerne kunstgrasplenen som grasbane. FOTO: Privat Foto: Privat
stabil lengd: – Vi hadde eigentleg tenkt å legge vanleg grasplen. Men det er jammen godt å sleppe plenklippinga, seier Roy Magne Haugland. FOTO: Linda Eikrem Foto: Linda Eikrem
Byggefeltet: Kunstgrasplenen i Joelvråsa 16 er grøn året rundt og merkar seg ut i byggefeltet. Stadig stoppar folk for å sjå og kjenne på plenen. FOTO: Linda Eikrem Foto: Linda Eikrem