Som pårørande har Toril Overå sett i gang ei kronerulling for el-sykkel til Hareid sjukeheim. Ho vil ha to syklar, for då tenkjer ho seg at dei blir meir brukt. Det er lettare å ta med seg eldre ut på tur om ein er to om det.

Det er mykje bakkar rundt sjukeheimen på Hareid, så elkrafta i syklane kan kome godt med. Og det skal følgje med regntrekk og hjelmar. Til saman trengst det 125 000 kroner.

Både privatpersonar, organisasjonar og bedrifter har gitt pengar. Då innsamlingssummen hadde kome opp i 35 tusen gjorde det veldig godt for motivasjonen å få telefon frå banksjef Melinda Skeide i Sparebanken Møre som fortalde at dei ville vere med å spleise, fortel Overå.

– Alt som er positivt ønskjer me velkomen. Då eg såg dette engasjementet frå frivillige på Facebook tenkte eg at dette må banken vere med å støtte opp under, seier Skeide og er glad for at det skjer positive ting på Hareid, og dette er eit viktig tiltak. Sparebanken Møre har sagt seg villig til å betale ein sykkel, så blir den andre sykkelen betalt gjennom kronerulling.

For alle

Syklane skal vere for alle tilknytt sektor for velferd, uansett kva avdeling dei er tilknytt på sjukeheimen eller om dei bur heime, og nyttar seg av dagsenteret.

Det som er viktig er at syklane blir brukt. Overå har vore i kontakt med Hjørundfjordheimen, og dei har gode røynsle med slike syklar. Der blir dei brukt mykje. og når dei eldre kjem seg ut i frisk luft går medisineringa ned, dei søv betre på natta og dei får auka matlyst. Så dette er eit tiltak som er bra på mange vis.

Aktiv kvardag

Berit Aasen, leiar for sektor for velferd i Hareid kommune, seier at dette er heilt i tråd med det dei arbeider med. Dei har ulike tiltak på dei ulike avdelingane for å få ein aktiv kvardag på sjukeheimen. Ulike brukarar treng ulike tiltak, men dei løftar i lag for å nå dei nasjonale føringane for fysisk helse og folkehelse.

– Sektor for velferd har som overordna mål å vere kvalitets- og kompetanseorganisasjon. Det har me arbeidd med i tre år, seier Aasen. Ho og resten av sektoren var så glade for gåva frå banken at dei møtte opp med heile leiargruppa si for å takke banksjef Melinda Skeide for gåva. I tillegg møtte leiar for Hareid frivilligsentral, Heidi Kvalsvik, frivillig Ingrid Stennes og folkehelsekoordinator Monica Torvik.

Treng fleire frivillige

For å bruke syklane trengst det litt opplæring, men det er tenkt at både tilsette og frivillige/pårørande skal bruke syklane for å ta med seg folk ut på tur.

No som middagen er flytta til seinare på ettermiddagen er det lettare å kome seg ut og få til turar midt på dag.

Her blir det etterlyst gjerne unge frivillige. Einingsleiar Monica Småge Skeide ønskjer at frivillige vervar seg for å vere med på ein fast turdag, der også personale blir med. Dei kan kontakte Frivilligsentralen, så vil dei få opplæring før dei blir sendt på tur med el-sykkel.

Når ein syklar på desse syklane blir ein kalla pilot. Og målet er sjølvsagt at dei blir brukt mest mogleg. Det kan også vere to pårørande/frivillige som går i lag og tar med seg ei lita gruppe ut på tur ein godvêrsdag. Og kjem det nokre regndropar går det bra, for syklane har regntrekk.

Dei tilsette ved sjukeheimen er glade for at dei har så engasjerte og drivande pårørande som Toril Overå som har sett i gang denne innsamlinga.

Vil du støtte kronerullinga med nokre kroner kan du sende til kontonummer 3910 61 24055 eller Vipps 516021.

Sykkelen: Så fort det har kome inn nok pengar vil Toril Overå bestille inn to slike syklar. Foto: leverandør Foto: leverandør