Ei ung kvinne vart laurdag kveld stoppa utanfor ein butikk i Ulsteinvik.

Politifolka kjende henne igjen, sidan ho for ikkje så lenge sidan vart fråteken førarkortet for køyring i rus.

Den gongen hadde ho barn med i bilen.

Politiet vurderer å beslaglegge bilen og bøtelegge bileigaren for å ha lånt ut bilen til nokon som ikkje har førarkort.