Det har framleis ikkje vore praktisk mogeleg for politiet å gjennomføre avhøyr med mannen i 20-åra som er sikta for drap i ein kommunal bustad på Bigset i Hareid.

Sunnmøre politidistrikt har stadfesta at mannen er sikta for forsettleg drap, og vil bli framstilt for fengsling måndag. Den sikta mannen i 20-åra er etnisk norsk statsborgar, er ikkje frå Ulstein eller Hareid, men har adresse på Sunnmøre. Sikta har fått oppnemnt forsvarsadvokat.

NTB skriv at forsvarar Erling Flisnes ikkje har vore i kontakt med sin klient, men at han vil snakke med den sikta så snart det er praktisk mogeleg.

Ifølgje politiet hadde dei laurdag kveld motteke om lag 30 tips i saka, men ynskjer framleis fleire tips som kan gje eit betre bilete av kva som har skjedd. Politiet oppmodar om at publikum tek kontakt, sjølv om folk ikkje trur tipset deira er spesielt relevant.

Under ei samling på Bigset laurdag kveld, vart det opplyst frå politiet si side at ein har klar ei identifisering av den avdøde.

Sundag ettermiddag vil politiet gjennomføre ein ny pressebrief i Ulsteinvik.