Kripos starta tidlegare i år arbeidet med å gjennomføre nye avhøyr og gjennomgå saksmappene om brannen på Flusund, Herøy, der fire ungdomar omkom i 2008.

Dei etterlatne har skulda politiet for mangelfull etterforsking. Saka vart lagt bort, og dei pårørande meinte at de ikkje fekk svar på kva som skjedde og frykta at brannen var påsett. Dei sette fram krav om ny etterforsking, og i fjor vart saka tatt opp att.

Etterforskingsleiar Robert Hjelmeseth ved Ålesund politistasjon seier til NRK Møre og Romsdal at dei har nokre få oppgåver igjen før etterforskinga kan avsluttast.

NRK Møre og Romsdal