Familieselskapet Borgstein i Ulsteinvik fekk i 2013 eit resultat før skatt på nærare 95 millionar kroner. Inntektene vart på 58 millionar kroner i fjor, medan dei i 2012 var på 31 millionar kroner.

I årsmeldinga står det at styret er tilfreds med resultatet for 2013. Aksjemarknaden har vist tilfredsstillande tal og resultatet frå shippingsaktiviteten er styrka.

Selskapet forventar eit tilfredsstillande resultat også i 2014.

Sjølv om Borgstein er eksponert for marknadsrisiko både i forhold til valutakursar, aksjemarknad og rentemarknad, har dei klart å sikre seg mot dette. Kredittrisikoen er sett på som låg. Selskapet har tidlegare hatt lite tap på fordringar.

Morten Ulstein er leiar i familieselskapet Borgstein. Mora Inger Ulstein er styreleiar. Dei andre eigarane i selskapet er borna Henning, Håvard, Ingunn Ulstein Botnen og Svein Idar Ulstein.

I fjor vart det overført 26 millionar kroner som konsernbidrag, og det vart sett av nærare 58 millionar kroner til eigenkapital.

Blant dotterselskapa til Borgstein er Island Offshore Shipping, Borgstein Shipinvest, Borgstein Invest og Borgstein Verdi. Alle selskapa har levert solide resultat.