Ein mann frå Ytre Søre Sunnmøre er dømd til fengsel i 16 dagar for brot på fritids- og småbåtlova.

Dette fordi han under ein dorgetur etter laks drakk seks halvliterar pils og ei halv flaske konjakk medan han køyrde snekka i dorgefart.

Mannen nektar ikkje for at han kan ha hatt ei promille på 3,05.

Sunnmøre tingrett har konkludert med at sidan fengselsstraffa på 16 dagar er utan vilkår, skal mannen sleppe å betale bot i tillegg.