I ei pressemelding frå Sevi Turbo går det fram at selskapet har etablert seg med ein komplett turboverkstad i Svolvær for turboar i alle størrelsar og til alle motormerke.

- Dette er den største turbo-satsinga i norgeshistoria, nord for Bergen og Oslo, skriv selskapet i pressemeldinga.

Sevi er ein tverrfagleg leverandør for maritim næring, og har verkstadar mellom anna i Fosnavåg, Skien, Bergen, Kristiansund og no i Svolvær. Verksemda er delt inn i Sevi Turbo, Motor og Elektro.

I Svolvær har Sevi Turbo inngått ein samarbeidsavtale med Skarvik As for å kunne tilby djupvasskaier, slipping og stor tørrdokk til kundar med farøy i regionen.

- Verkstaden inneheld avansert balanseringsutstyr for turbo-rotorar opp til 1.000kg. Dette dekkjer alt av fartøy som går langs norskekysten i dag.Den nye turboverkstaden i Svolvær med lokale serviceteknikarar og stort lokalt lager sikrar kundane kort nedetid, høg kvalitet og dei sparar både tid og pengar når dei slepp å sende turboar eller personell langvegs frå, melder Sevi i pressemeldinga.